En del av elektrikerkjeden:

– Prosessen gjekk over fleire år, og då me fekk moglegheita til å overta for 20 år sidan, var me klare og innstilte på jobben, fortel Olav Werner Skjoldli. Saman med Arnstein Fosse eig han Mølster Installasjon AS. Vossingar flest som kjenner litt til næringslivssoga i bygda, vil vita at her har me med ei gamal og tradisjonsrik verksemd å gjera.  Dette er i og for seg rett, men likevel ikkje heilt presist. For då Skjoldli og Fosse overtok, etablerte dei eit nytt firma, Mølster Installasjon AS – eit namn som ligg tett opptil det gamle.

Det er ved Dugstadfossen verksemda held til, no som før. Då Voss Belysningsindustri avslutta drifta, overtok M. O. Mølster si installasjonsavdeling huset og bygde det om til sitt behov. Her var rikeleg med plass både til verkstad, kontor og lager – funksjonar som ikkje lenger er like viktige for verksemda. Administrasjonen er slanka og lagerhaldet er redusert til eit minimum – det meste kan skaffast frå Bergen eller andre stadar over natta.  – Jau, i dag me har alt for god plass, meir enn me treng, seier Skjoldli.

Om firmaet formelt sett ikkje er meir enn nokre få år gamalt, kan verksemda visa til ein over 90-årig tradisjon på Voss.  Både Olav Werner Skjoldli og Arnstein Fosse har vore med og bore fram denne tradisjonen, begge har lang fartstid i bedrifta der dei har gått gradene. Begge starta på golvet – som det heiter – har teke utdanning og vore lærlingar og har arbeidt som montørar. Fosse har seinare også skaffa seg autorisasjon som installatør.

Dei to eig like mykje i selskapet og saman har dei funne ei fordeling av oppgåver og ansvar som begge er godt nøgde med. Skjoldli er styreleiar og dagleg leiar. Fosse er nestleiar i styret.

Sidan Arnstein Fosse har autorisasjonen som installatør, fell mykje av ansvaret for det faglege på han.

– Elles deler me på oppgåvene slik det er praktisk og naturleg, seier Fosse.

– Samarbeidet går veldig greitt og Olav Werner og eg har enno til gode å vera usamde i noko vesentleg. Og stundom er eg glad for å kunna seia at: Nei, det får sjefen ta seg av, fortel han.

VERKSEMDA HAR I DAG 14 tilsette. 12 av desse er ute i felten og arbeider med alle slags installasjonsoppdrag, og syter for ein omsetnad som dei siste åra har lege på vel 20-25 millionar kroner. Oppdraga er sterkt varierande, men arbeidsmengda har likevel vore stabil på grunn av den store aktiviteten i byggjemarknaden. Sjølvsagt er det også ein føremon både i gode og mindre gode tider, å ha eit godt renommé  bygd opp gjennom mange tiår.

 

Det byrja i det små... 

Som ofte er, byrja også M.O. Mølster i det små. Mannen bak namnet og verksemda var Mathias Olsen Mølster. Han var elektrikar og i 1926 starta han for seg sjølv heime i kjellaren. Etter ei tid kom også Lars Melve inn i firmaet som tre år etter krigen, under gjenreisinga av Vangen, bygde det første nye forretningsbygget i Uttrågata. Snart fekk dei fylgje av George Rokne & Co, og den gode naboskapen har i seinare tid utvikla seg til å verta eit tett forretningsmessig samliv.

I 1952 vart selskapet omgjort til AS. Mølster og Melve  hadde ein tredel av aksjane kvar, medan Vekselbanken og Hans Jæger delte den siste tredelen. Forretningsbygget i Uttrågata vart etter kvart for lite for det ekspansive firmaet. Difor flytta installasjonsavdelinga til Skulestadmoen, til store, høvelege lokale som vart ledige då Voss Belysningsindustri innstilte aktiviteten sin. Huset, ei tidlegare tyskarbrakke, vart då bygd om og tilpassa installasjonsverksemda sine behov.

Det er Bjarne Melve, mangeårig leiar for verksemda som fortel dette. Alt som 15-åring byrja han å arbeida som elektrikar, og etter militærteneste og utdanning, kom han tilbake som installatør.

– Me dreiv ein komplett elektrolandhandel, med butikk, verkstad og installasjonsavdeling. Dette var på den tida då ting framleis vart reparerte. Noko av det me dreiv mykje med, var å vikla elektromotorar. I butikken var saueklyppemaskiner eit viktig produkt. Utviklinga i bygda var stabil, med ei kontinuerleg utbygging. Sysselsetjinga var difor god og jamn, eg kan berre hugsa nokre få gonger me måtte lata folk gå på grunn av mangel på oppdrag, fortel Melve, som har leia ei verksemd med jamn og god økonomi.

– Me var aldri på minussida, men me tente heller aldri store pengar, seier han.

For å rydde vegen fram mot generasjonsskifte og nye eigarar, vart verksemda omorganisert i 1999. Installasjonsavdelinga, butikkdrifta og eigedomsforvaltinga vart då eigne, sjølvstendige selskap. Olav Werner Skjoldli og Arnstein Fosse overtok installasjonsverksemda i 2002 og førde drifta vidare i nyskipa Mølster Installasjon AS – eit firmanamn som til forveksling liknar det  gamle.  I fjor vart omstillingsprosessen sluttførd ved at naboen i Uttrågata, George Rokne & Co, kjøpte og overtok butikken, Mølster El-forretning. Formelt sett markerer dette slutten på eit stolt føretak, sjølv om aktiviteten held fram som før.

Tekst: Alf-Håkon Harlem