Dei arbeider med straumen

Mølster Installasjon AS er ei moderne bedrift med ei historie som går tilbake til 1926. For seks år sidan kom nye eigarar inn, og formelt sett skipa dei eit heilt nytt selskap.  Men namnet, som har slik ein god klang i lokale øyre, har dei halde på – nesten i alle fall.

– Prosessen gjekk over fleire år, og då me fekk moglegheita til å overta for vel fem år sidan, var me klare og innstilte på jobben, fortel Olav Werner Skjoldli. Saman med Arnstein Fosse eig han Mølster Installasjon AS. Vossingar flest som kjenner litt til næringslivssoga i bygda, vil vita at her har me med ei gamal og tradisjonsrik verksemd å gjera.  Dette er i og for seg rett, men likevel ikkje heilt presist. For då Skjoldli og Fosse overtok, etablerte dei eit nytt firma, Mølster Installasjon AS – eit namn som ligg tett opptil det gamle.

Det er ved Dugstadfossen verksemda held til, no som før. Då Voss Belysningsindustri avslutta drifta, overtok M. O. Mølster si installasjonsavdeling huset og bygde det om til sitt behov. Her var rikeleg med plass både til verkstad, kontor og lager – funksjonar som ikkje lenger er like viktige for verksemda. Administrasjonen er slanka og lagerhaldet er redusert til eit minimum – det meste kan skaffast frå Bergen eller andre stadar over natta.  – Jau, i dag me har alt for god plass, meir enn me treng, seier Skjoldli.  

Om firmaet formelt sett ikkje er meir enn nokre få år gamalt, kan verksemda visa til ein over 80-årig tradisjon på Voss.  Både Olav Werner Skjoldli (44) og Arnstein Fosse (37) har vore med og bore fram denne tradisjonen, med ei samla fartstid på 44 år i bedrifta der dei har gått gradene. Begge starta på golvet – som det heiter – har teke utdanning og vore lærlingar og har arbeidt som montørar. Fosse har seinare også skaffa seg autorisasjon som installatør.

Dei to eig like mykje i selskapet og saman har dei funne ei fordeling av oppgåver og ansvar som begge er godt nøgde med. Skjoldli er styreleiar og dagleg leiar. Fosse er nestleiar i styret, medan far hans, Bjarne Fosse, er den tredje i styret.  Fosse Sr var i mange år tilsett som verksemda sin rekneskapsførar. No har han etablert sitt eige rekneskapskontor, og har Mølster Installasjon som kunde.

Sidan Arnstein Fosse har autorisasjonen som installatør, fell mykje av ansvaret for det faglege på han.

– Elles deler me på oppgåvene slik det er praktisk og naturleg, seier Fosse.

– Samarbeidet går veldig greitt og Olav Werner og eg har enno til gode å vera usamde i noko vesentleg. Og stundom er eg glad for å kunna seia at: Nei, det får sjefen ta seg av, fortel han.

VERKSEMDA HAR I DAG 14 tilsette. 12 av desse er ute i felten og arbeider med alle slags installasjonsoppdrag, og syter for ein omsetnad som dei siste åra har lege på vel 13 millionar kroner. Oppdraga er sterkt varierande, men arbeidsmengda har likevel vore stabil på grunn av den store aktiviteten i byggjemarknaden. Sjølvsagt er det også ein føremon både i gode og mindre gode tider, å ha eit godt renommé  bygd opp gjennom mange tiår.  

Før Skjoldli og Fosse overtok samarbeidde verksemda ofte med kollegaen og konkurrenten Vangen Elektriske. Dette gav tyngd nok til at dei kunne ta på seg store oppdrag i samband med tunnelbygging.  Frå Troms i nord til Rogaland i sør installerte dei ljos i ei mengd vegtunnelar. Somme var store med prislappar på oppimot 20 millionar kroner.

DÅ FOSSE OG SKJOLDLI overtok gjorde dei òg nokre strategiske val. Eitt av dei var å stå over konkurransen om tunnelbelysning.

– Me valde å lata dei tunge prosjekta gå. Som nystarta ville me ikkje ta fatt på så store ting – og det har vist seg at me likevel har hatt meir enn nok å gjera. I dei åra me har drive på, har me heller ikkje hatt behov for å permittera nokon, seier Skjoldli.

– Mølster Installasjon tek på seg de meste, seier han vidare og nemner alle slags elektroinstallasjonar i bustader, hytter, industribygg og landbruksbygningar. Eit produktområde som er i vekst er sentrale anlegg for styring av varme, ventilasjon og lys.

– Alt vert regulert av ein pc. Ei slik investering som kan vera viktig for miljøet av di det fører til redusert forbruk av elektrisk kraft. Dette igjen vil også vera god økonomi for den enkelte.  Innan landbruket arbeider me også mykje med brannvarslingsanlegg. Nye krav gjer seg gjeldande, og dei siste åra har me levert om lag 40 slike anlegg.

I EIN BRANSJE som dette, der dei tilsette arbeider kringom på ulike plassar – ofte på kortvarige oppdrag som skifter frå dag til dag, er kommunikasjon, dokumentasjon og styring svært viktig for å få ein effektiv arbeidsdag. 

– I 2001 var verksemda tidleg ute med eit nytt verktøy som har gjort kvardagen enklare og som har effektivisert administrasjonen.  Systemet heiter Handyman – og er ei mobil dataløysing. Alle tilsette har med seg eit apparat på storleik og utsjånad som ein mobiltelefon.  I realiteten er det ein fullvaksen datamaskin, telefon og kamera i eitt.  Alle oppdrag og arbeidsoppgåver vert logga inn her, saman med materiallister, og tidsbruk. Me kan fylgja oppgåvene til ei kvar tid, og når jobben er gjort, er fakturagrunnlaget klart – saman med foto som dokumenterer korleis arbeidet er gjort.  Med dette hjelpemiddelet sparer me mykje tid og det er ein av grunnane til at administrasjonen vår er redusert frå fem personar til to, fortel Skjoldli.

Sjølv om tidene har vore gode og tilhøva på Voss er stabile med stadig nye byggjeprosjekt, er ikkje verksemda sin strategi tufta på krav om vekst.  

– Det er ikkje noko poeng for oss å veksa og verta større. Me trivst godt med den storleiken verksemda har i dag, og har ryggrad til å tola eventuelle svingingar i marknaden, seier Skjoldli.

- Strategien vår er å halda oss oppdaterte på det som skjer og å vera tidleg ute når nye ting dukkar opp. Me har som mål å ta vare på dei faste kundane våre, og vera tilgjengelege for dei når dei treng oss, seier Fosse.

Tekst: Alf-Håkon Harlem