Det byrja i det små... 

Som ofte er, byrja også M.O. Mølster i det små. Mannen bak namnet og verksemda var Mathias Olsen Mølster. Han var elektrikar og i 1926 starta han for seg sjølv heime i kjellaren. Etter ei tid kom også Lars Melve inn i firmaet som tre år etter krigen, under gjenreisinga av Vangen, bygde det første nye forretningsbygget i Uttrågata. Snart fekk dei fylgje av George Rokne & Co, og den gode naboskapen har i seinare tid utvikla seg til å verta eit tett forretningsmessig samliv.

I 1952 vart selskapet omgjort til AS. Mølster og Melve  hadde ein tredel av aksjane kvar, medan Vekselbanken og Hans Jæger delte den siste tredelen. Forretningsbygget i Uttrågata vart etter kvart for lite for det ekspansive firmaet. Difor flytta installasjonsavdelinga til Skulestadmoen, til store, høvelege lokale som vart ledige då Voss Belysningsindustri innstilte aktiviteten sin. Huset, ei tidlegare tyskarbrakke, vart då bygd om og tilpassa installasjonsverksemda sine behov.

Det er Bjarne Melve, mangeårig leiar for verksemda som fortel dette. Alt som 15-åring byrja han å arbeida som elektrikar, og etter militærteneste og utdanning, kom han tilbake som installatør.

– Me dreiv ein komplett elektrolandhandel, med butikk, verkstad og installasjonsavdeling. Dette var på den tida då ting framleis vart reparerte. Noko av det me dreiv mykje med, var å vikla elektromotorar. I butikken var saueklyppemaskiner eit viktig produkt. Utviklinga i bygda var stabil, med ei kontinuerleg utbygging. Sysselsetjinga var difor god og jamn, eg kan berre hugsa nokre få gonger me måtte lata folk gå på grunn av mangel på oppdrag, fortel Melve, som har leia ei verksemd med jamn og god økonomi.

– Me var aldri på minussida, men me tente heller aldri store pengar, seier han.

For å rydde vegen fram mot generasjonsskifte og nye eigarar, vart verksemda omorganisert i 1999. Installasjonsavdelinga, butikkdrifta og eigedomsforvaltinga vart då eigne, sjølvstendige selskap. Olav Werner Skjoldli og Arnstein Fosse overtok installasjonsverksemda i 2002 og førde drifta vidare i nyskipa Mølster Installasjon AS – eit firmanamn som til forveksling liknar det  gamle.  I fjor vart omstillingsprosessen sluttførd ved at naboen i Uttrågata, George Rokne & Co, kjøpte og overtok butikken, Mølster El-forretning. Formelt sett markerer dette slutten på eit stolt føretak, sjølv om aktiviteten held fram som før.

Tekst: Alf-Håkon Harlem